Foto: Eirik Lingaas Marthinsen Eagle Productions
Regjeringen fortsetter sin satsing på samferdsel og det å få mer gods over fra vei til bane. Dette er vi i tømmernæringen glade for. Å få tømmer over fra vei til jernbane er bra både for klimaet, trafikksikkerheten og økonomien. De nye krysningssporene som ligger inne i budsjettet for 2020 er svært viktige for oss.
Vi forventer også at det i midlene til Jernbanedirektoratet ligger inne ressurser til å gå videre med tiltakene i og rundt Kongsvinger, slik som tilsving og flytting av terminalen på Norsenga.
Dette skriver Samferdselsdepartementet:
Budsjettet til Jernbanedirektoratet aukar med 1,1 milliardar kroner, eller 4,5 prosent, frå 2019. Dei viktigaste løyvingsforslaga i jernbanebudsjettet for 2020 omfattar nær 11,6 milliardar kroner til investeringar i ny infrastruktur, 1,6 milliardar kroner til planlegging av investeringar, 8,7 milliardar kroner til drift og vedlikehald av jernbanenettet.
Meir gods på bane
Sjølv om dei store utbyggingsprosjekta i stor grad tek utgangspunkt i behovet for å styrkje persontogtilbodet, gir mange av utbyggingane òg auka kapasitet for godstransporten. For å få meir gods på bane, foreslår regjeringa i tillegg 448 millionar kroner til særskilte tiltak som skal betre vilkåra for den skinegåande varetransporten.
I 2020 omfattar dette mellom anna investeringar i planovergangstiltak på Kongsvingerbanen, opprusting av Alnabru godsterminal i Oslo og bygging av kryssingsspor på Bolstadøyri på Vossebanen og Ler på Dovrebanen.
I tillegg blir det i 2020 lagt opp til å planlegge mellom anna kryssingsspor på Bodung og Galterud på Kongsvingerbanen, Bøn og Jessheim på Hovedbanen, Kirkenær på Solørbanen, Løten på Rørosbanen og Sandermosen på Gjøvikbanen.
Fleire godsoperatørar på jernbanen har slite økonomisk dei siste åra. Bakgrunnen er sterk konkurranse frå vegtransporten og at vareeigarane ikkje har opplevd jernbanetransport som påliteleg nok. Regjeringa innførte tidligare i år ei midlertidig støtteordning på inntil tre år for godsoverføring frå veg til jernbane. I tråd med dette går regjeringa med budsjettforslaget inn for å vidareføre ordninga i 2020 med 88 millionar kroner.