Skogen lever, gjelda brast
7. mai 2018
Arbeidsgruppe skal vurdere ordninger for godsoverføring fra vei til jernbane
8. mai 2018

Skrantesjuke i Nordfjella – Møte om vegen vidare

Tid : Tirsdag 8. mai kl 13.30-14.30.

Stad : Landbruks- og matdepartementet, Teatergata 9/R6, Oslo.

Det blir høve til intervju i etterkant av møtet. Møt i resepsjonen R6 kl 14.15.

For fotografering ved møtestart: Møt i resepsjonen R6 kl 13.15.

Kontaktperson i Landbruks- og matdepartementet :

Ståle Norang, Tlf 41 43 80 11.

All villreinen i Nordfjella er felt

Etter at det vart påvist skrantesjuke (CWD) i villreinflokken i Nordfjella sone 1, vart det gjort vedtak om at heile villreinflokken skulle fellast innan 1. mai 2018. Dette er nå gjort. Det er i alt felt i overkant av 2100 dyr, av desse vart meir enn 1400 dyr felt i statlig regi sist vinter. Det vart påvist 19 tilfelle av skrantesjuke. Området skal nå haldast fritt for villrein i minimum fem år. Deretter er det planen å reetablere ei frisk og stadeigen villreinbestand i Nordfjella.

Føremålet med møtet 8. mai er å drøfte samarbeid om forvaltning av Nordfjella-området i åra framover.

Skrantesjuke, Chronic Wasting Disease (CWD)

Skrantesjuke, eller Chronic Wasting Disease (CWD) er ein prionsjukdom som liknar skrapesjuke hjå sau eller kugalskap, der feilfolda protein hopar seg opp i hjernen og fører til store lidingar og død for dei dyra som blir ramma. Då CWD vart oppdaga i Noreg av Veterinærinstituttet i fjor var det første tilfellet i Europa, og det vart sett i gong omfattande prøvetaking av norske hjortedyr (elg, villrein, tamrein, hjort og rådyr). Målet med å ta ut flokken i Nordfjella er å avgrense og om mogleg utrydde sjukdommen. Dersom ein kan hindre at sjukdommen spreier seg, vil mange dyr kunne bli spart for dei lidingane den fører med seg.