Tøff i bratt og sårbart terreng
20. november 2017
Først ute med klimaskog
21. november 2017

Reetablering av villreinstammen i Nordfjella tidlegast i 2023

DelEmneord til denne artikkelen

Dei konkluderer med at ei reetablering tidlegast kan starte i 2023.

Det er på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet at Mattilsynet og Miljødirektoratet har utarbeida ein meir konkret plan for reetablering av villreinbestanden i Nordfjella etter sanering.

Heile stammen – som ved starten av i år jaktsesong telte rundt 2.200 dyr – skal blir utrydda innan mai neste år for å overvinne skrantesjuke (CWD).

– Vi har laga ein plan basert på den kunnskapen vi har i dag. Det er viktig å påpeike at ny kunnskap om blant anna sjukdomssituasjonen, kan gjere det nødvendig å tilpasse planen for å sikre vellykka reetablering av frisk villrein i Nordfjella sone 1, seier Karen Johanne Baalsrud, direktør for planter og dyr i Mattilsynet, til magasinet Hjortevilt.

Den smittsame varianten av sjukdommen er berre funnen ein stad i Europa – nemleg i Nordfjella villreinområde, som strekkjer seg over fylka Buskerud, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Les òg: Funn av skrantesyke under statlig jakt i Nordfjella

I reetableringsplanen har det blitt vurdert kva metodar som kan nyttast og i kva område rein kan hentast frå for å etablere ein frisk bestand.

Reetablering krev først ein vellukka brakkleggingsperiode. Brakkleggingsperioden startar når den antatt siste villreinen er teken ut av området.

Les òg: Dyrevernorganisasjonen Dyrenes Røst anmelder Mattilsynet for villrein-nedslaktingen

Målet er at dagens villreinbestand skal vere fjerna innan 1. mai 2018, men det er knytt uvisse til om dette målet blir nådd. Ei reetablering kan derfor tidlegast starte i 2023.

Emneord til denne artikkelenDel