Kompromissforslag om maskinskatten: Forenkling og forutsigbarhet
10. november 2017
19 av 1500 reinsdyr er skotne i Nordfjella
13. november 2017

Plukkhogst, produksjon og virkeskvalitet

Stortinget forstod at vitskaplege metodar trongst for å bygge skogane opp att og skipa Skogforsøksvesenet i 1917 (no NIBIO). Etter vel tjuge år med produksjonsforsøk publiserte Eide og Langsæter gode tilvekstmodellar som synte at tilvekst og volum kunne aukast mykje ved å gå frå plukkhogst til snauhogst og planting i gran. Skogeigarane lydde til forskinga.

Landsskogtakseringa sitt arbeide syner at ståande volum og tilvekst per dekar i gran er om lag tre gonger høgare enn i 1930. Årsaka til ned- og oppbygginga av skogen ser ein direkte frå Landstaksten i 1920 åra. Sjølv på den beste marka i Vestfold var middel årsskotlengde berre 16 cm. På middels og dårleg mark var den 13 og 10 cm. Det er mellom ein fjerdedel og halvparten av kva den ville vore i planta skog. Slik hemming av høgdeveksten gjev stort produksjonstap.

Andersen hevdar at trevirket frå planta skog er mykje lettare enn virke frå plukkhoggen skog. Men Gustav Klem målte tørrvolumvekta i gran frå den tida ein dreiv med plukkhogst og fann at vekta varierte frå ca 340 kg til 490 kg per kubikkmeter. Rapport 1/01 frå Skogforsk oppgjev at plank frå planta granskog i Kvam og naturskog frå Voss hadde tørrvolumvekt på høvesvis 408 kg og 382 kg per kubikkmeter, ved årringbreidder 3,2 og 1,6 mm. Rapport 24/95 frå Skogforsk oppgjev at grove, hogstmogne tre frå forsøk med plukkhogst, hadde basisdensitet kring 365 kg og midlare årringbreidde 1,6 millimeter. Grove avlstre frå Vestlandet hadde basisdensitet 365 kg ved årringbreidde 3,7 mm.

Den sikre soga seier at plukkhogsten var ein fiasko medan snauhogsten har vore ein suksess. Som døma over syner er ikkje volumvekta av virke frå plukkhoggen skog ein tung grunn til å gjenta fiaskoen.

nyemeninger

Blir du med i debatten?