Spørsmål

Flere anmeldelser av stygge skogshogster som etter anmelders vurderinger har vært ulovlige, har blitt henlagt av politiet i Buskerud det siste året, begrunnet med ‘ikke ulovlig’ eller ‘mangel på bevis’, til tross for hogst av registrert huldrestry og nøkkelbiotop.

Mener statsråden at skoglovens bærekraftforskrift er god nok, og hvis ikke – vil han ta initiativ til en gjennomgang av lovverket med sikte på å få klare retningslinjer for bærekraftig hogst som tar reelle hensyn til verneverdig natur?

Svar: 

Eg kjenner ikkje detaljane i dei enkeltsakene som representanten her viser til, men eg merker meg at politiet ikkje har funne noko ulovleg.

Eg meiner at skogbrukslova og berekraftsforskrifta sikrar eit berekraftig skogbruk. Det er likevel bra at det er merksemd rundt korleis skogbruket vert drive. Skog- og trenæringa er ein viktig sektor med sentrale oppgåver i det grøne skiftet, og eg er glad for dei klåre signala frå Stortinget om at det er nødvendig å auke hogsten i dei norske skogane.

Men med auka aktivitet i skogbruket er det også viktig at skognæringa held fram med ein målretta innsats på miljøområdet; melder inn skogområde til frivillig vern, set til sides nøkkelbiotopar og kantsoner og syter for å fjerne hjulspor og kvisthaugar frå stiar slik at det ikkje hindrar ferdsel.

I tida frå tusenårsskiftet fram til i dag har norske skogeigarar sett til sides om lag 800 000 dekar med skog som har viktige miljøverdiar, men som elles kunne ha gitt god inntekt til skogeigarane.

Eg er trygg på at den samla politikken for eit berekraftig norsk skogbruk er god. Dette inkluderer frivillig vern etter naturmangfaldlova – no forvaltar vi eit 10 pst-mål for det – reglar om berekraftig skogbruk i skogbrukslova og forskrifter etter denne, tilskotsordningane i skogpolitikken og skognæringa sine eigne miljøomsyn gjennom miljøstandard og miljøsertifisering.

Dette er eit område som styresmaktene følgjer godt med på, og eg ser ingen behov for ein slik gjennomgang som spørsmålet indikerer. Vi har all mogleg grunn til å stole på at skogsektoren i stort forvaltar dette ansvaret godt, og eg er heilt trygg på at om ein har aldri så godt regelverk, som eg meiner vi har, så kan ein alltid risikere at ein eller annan ikkje held seg til det. Derfor skal vi ha gode sanksjonsmoglegheiter. Det har vi, men her har politiet konkludert med at det ikkje ligg føre noko ulovleg.