Ny, avansert modell for bestandsestimater av skandinaviske rovdyr
6. januar 2020
Viken Skog bruker 200 millioner på industriaksjer
7. januar 2020

Fryktar heile dyreartar kan døy av skogbrannane i Australia

– Det er mogleg at det rett og slett har gått med heile artar i brannane, seier zoolog Petter Bøckman.

Minst 25 menneske har omkomme i samband med skogbrannane som har herja landet sidan september i fjor. Brannane har og gått hardt utover dyrelivet fleire stadar.

Berre i delstaten New South Wales aleine skal 480 millionar pattedyr, fuglar og krypdyr vere ramma.

– Veldig mange artar i Australia er allereie utryddingstrua. Brannane set dyrelivet endå meir tilbake, seier Petter Bøckman.

Fleire tusen koalaer har brent opp

Koalaen er blant dyra som er hardt råka. Miljøminister Sussan Ley anslo for nokre veker sidan at 8400 koalaer hadde døydd i skogbrannane som framleis herjar i delstaten New South Wales.

– Det er mange dyr som rett og slett brenn opp, spesielt dei dyra som ikkje er så flinke til å springe eller fly, seier Bøckman.

Det er og mange mindre artar som kjempar for livet i flammane, påpeikar zoologen.

– Ein må ikkje gløyme insekta som vandrar rundt i underskogen. Dei vil heller ikkje sleppe unna, seier han.

Dei pågåande brannane i Australia er så varme, at dei ifølgje zoologen kan skape problem for plantelivet i områda som er råka.

– Ein del frø som vanlegvis ville overlevd ein brann «går no fløyten», som følgje av dei høge temperaturane, seier han.

Les:

Færre stadar kor livet kan starte på nytt

Mindre og kontrollerte skogbrannar kan ifølgje WWF styrkje artsmangfaldet i ein skog.

Det gjer ikkje brannane som no herjar Australia, fortel Bøckman.

– Her er det snakk om svære brannar som lèt etter seg relativt få skogområde samanlikna med ein «vanleg» skogbrann, Problemet med massive og ukontrollerte skogbrannar er at det vert betydeleg mindre skog frå kor plante- og dyrelivet kan emigrere og starte på nytt, forklarar zoologen.

– No forsvinn dei få villområda som er igjen, av den typen kor det veks skog typisk. Det kjem til å gjere situasjonen verre for dei dyra der som i utgangspunktet hadde det vanskeleg, seier Bøckman.

Fryktar at nedbrente skogar blir bygd ut av menneske

Dyrelivet i Australia har lenge vore hardt pressa av utbygging. University of Queensland publiserte i fjor ei kartlegging som viste at over 77.000 kvadratkilometer med villmark i Australia vart øydelagt av menneske dei siste tjue åra.

No fryktar Petter Bøckman at den nedbrente villmarka vert eit lettare bytte for dei som ønskjer å bygge bustader og infrastruktur.

– Det er veldig, veldig viktig at den nedbrente villmarka får reetablere seg og at australiarane ikkje fell for freistinga og byggjer hus eller vegar der skogen har brent ned, seier Bøckman.

Les også: Dyrehagetilsette innlosjerte pandaer, aper og ein tiger heime