Ber om faglige råd for å flytte genetisk viktig ulv
9. desember 2020
Vel gjennomført villsvinwebinar!
14. desember 2020

Flytter verdifullt ulvepar og åpner for lisensjakt

Hentet fra Regjeringen sine sider:

– Stortinget har gjort eit vedtak som i realiteten betyr at den viktigaste ulven i Noreg og maken hans blir skotne dersom dei blir verande i reviret sitt. Gjennom å opne for lisensfelling i det aktuelle området, er det ein svært høg risiko for at ulvane i Deisjøreviret blir felt dersom dei ikkje blir flytta til ein annan stad, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

 

Ulveparet i Deisjøreviret held i hovudsak til innanfor ulvesona, men har også revir utanfor. Hannen i reviret er ein genetisk verdifull ulv, som det av omsyn til ulvebestanden si overleving, er viktig å ta vare på. Årsaka er at den sør-skandinaviske bestanden er sterkt prega av innavl. Det er viktig å få nye genar inn med jamne mellomrom for å sikre bestanden si langsiktige overleving.

 

Miljødirektoratet skal forsøke å flytte ulvane

 

For å hindre at den genetisk verdifulle ulven og maken hans blir felt under lisensfellinga, har departementet bestemt at det skal gjerast forsøk på å flytte ulvane. Oppdraget med å flytte ulvane er gjeve til Miljødirektoratet ved Statens naturoppsyn. Miljødirektoratet skal gjennomføre oppdraget omgåande, innanfor rammer som dei vurderer som fagleg forsvarlege.

 

– Det er ein risiko knytt til å flytte ulvane, men slik eg ser det, har eg ikkje andre val. Når Stortinget har sagt at lisensfellingsområdet utanfor ulvesona ikkje bør avgrensast slik at ein kan ta vare på ulvane i sitt opphavlege revir, vil eg som ansvarleg statsråd sjølvsagt følgje opp dette, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

 

Avgjerda til departementet (11. desember 2020) kan lesast her.

 

Før departementet tok avgjerda om flytting, vart Miljødirektoratet bedt om ei fagleg vurdering av flyttinga . Denne vart oversendt departementet 9. desember 2020.

 

Opnar for lisensfelling når ulvane er flytta

 

Klima- og miljødepartementet har også fatta vedtak om omgjering av departementet sitt vedtak av 23. november 2020. Vedtaket omhandla behandling av klager på vedtak om lisensfelling utanfor ulvesona vinteren 2020/2021 i region 4 (Oslo og tidlegare Akershus og Østfold) og region 5 (tidlegare Hedmark).

 

Det nye vedtaket gjer om på avgrensinga av lisensfellingsområdet, slik at det  blir opna for lisensfelling av streifulv i alle delar av forvaltningsregionane 4 og 5 som ligg utanfor ulvesona etter at dei to ulvane i Deisjøreviret er flytta, tidlegast frå 15. desember. Lisensjegerar må sørge for å få stadfesta frå Fylkesmannen i Innlandet kor vidt området er ope for lisensfelling før dei startar lisensfellinga.

 

Avgjerda til departementet (11. desember 2020) kan lesast her.