Innlegg: Norsk industri parkert i grøfta Vi sløser med vann – og betaler dyrt for det
7. november 2017
Mange interessante foredrag på SKOGFORUM
7. november 2017

Alarm om skrantesjuke på hjortevilt

Det var førre veke at det vart oppdaga skrantesjuke på ei eldre kolle felt i Skeidsdalen-området i Gjemnes.

Første skrantesjuke hjort

Frå før er smitte i Norge berre funne på villrein i Nordfjella, og på elg i Trøndelag. Mattilsynet opplyste før helga at hjorten frå Gjemnes er stadfesta positiv, men at vidare testing pågår og vil avdekke kva type skrantesjuke det er snakk om. Fleire svar er venta til veka.

– Dramatisk

– Om det er snakk om ein smittsam variant, har vi ein heilt ny og dramatisk situasjon for viltet her i området, seier Nibio-forskar Erling Meisingset.

– Vi håper i det lengste at dei andre prøvane frå dyret er negative, og at det dermed er snakk om ein ikkje-smittsam variant, seier Meisingset. Han er medarrangør av møtet det no vert kalla inn til. Gjemnes kommune, Norsk institutt for naturforsking (Nina), Mattilsynet og Norsk institutt for bioøkonomi, (Nibio) arrangerer onsdag informasjonsmøte om skrantesjukesituasjonen.

Går breitt ut

Invitasjon til møtet på Batnfjordsøra er sendt til jaktlag, jegerar og lokale forvaltarar i Gjemnes, Molde, Nesset, Fræna, Eide, Tingvoll, Sunndal, Kristiansund og Averøy, og til regionale forvaltarar frå Fylkesmannen og fylkeskommunen. Møtet er også ope for andre interesserte.

Status og tiltak

På møtet blir det orientert om status for situasjonen, med utdjuping frå dei aktuelle etatane. Tema vert sjukdommen og det nasjonale kartleggingsprogrammet for skrantesjuke, kva jegerar vert bedde om å gjere, forskrifter og tiltak knytt til skrantesjuke, hjortens områdebruk og risiko for spreiing.

– Kva konsekvensar får funnet for jegerar i området?

– På kort sikt vil dei bli bedd om å ta prøver av alle skotne dyr som er eldre enn kalv. Det gjeld prøvar frå hjerne, og frå lymfeknute. Det er veldig viktig å få inn prøvar – her vil jegerane spele ei viktig rolle. På møtet vil det bli delt ut prøvesett. Når prøver blir sendt inn, vil ein raskt få svar, seier Meisingset.

Prøve frå viltslakteri

Meisingset opplyser at det aktuelle sjukdomstilfellet vart oppdaga fordi kolla var levert til viltslakteriet på Øre, som rutinemessig sender inn prøver. Medan skrotten hang til mørning, vart prøven analysert.

– Slik sett var det tilfeldig at dette vart avdekka, det hadde jo ikkje skjedd om slaktet var teke hand om i privat regi, seier Meisingset. Han forsikrar at det ikkje er snakk om at noko frå dette dyret kan ha smitta over på andre slakt ved slakteriet. – Alvorleg

– Dette er likevel ein situasjon vi tek på alvor, og ser på med stor uro. Om vi har ein smittsam skrantesjuke på hjort, er vi redde for hjortebestanden slik vi har kjent den til no. Vi må sjå for oss testing av friske dyr på eit nytt nivå, heilt annleis enn før, seier Meisingset.

Fakta om skrantesyken

Skrantesyken, eller CWD (Chronic Wasting Disease), er en prionsykdom som i flere tiår har vært kjent hos ulike hjortedyr i Nord-Amerika. Den er 100 prosent dødelig.

Sykdommen er påvist hos tre villrein og to elger i Norge. Dette er første gang sykdommen er påvist i Europa.

Det er ikke rapportert tilfeller av overføring av CWD til husdyr.

Sykdommen skyldes en unormal form av et protein som kalles prionprotein. Den smitter trolig til andre dyr gjennom kontakt med kroppsvæsker.

Hjernevevet får et karakteristisk svampaktig utseende. Sykdommen gir avmagring, unormal oppførsel, ukoordinerte bevegelser, tap av kroppsfunksjoner og død.

Det finnes ulike typer av prionsykdommer hos dyr og de mest kjente er skrapesyke hos sau, kugalskap (BSE) hos storfe og CWD hos hjortedyr. Av disse tilstandene er det bare BSE hos storfe som man vet kan smitte til mennesker.

Mattilsynet gikk 19. april inn å avlive hele villreinstammen på vel 2.000 dyr i Nordfjella, der sykdommen er påvist, for å hindre smitte.

Nordfjella, eller Skarvheimen, er høyfjellsområdene mellom Jotunheimen og Hardangervidda i Oppland (Vang), Buskerud (Hemsedal, Ål og Hol), Hordaland (Ulvik) og Sogn og Fjordane (Aurland og Lærdal).